Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

noen

LEDIGE STILLINGAR

Vi søker dyktige og engasjerte bakarar

Brenn du for bakefaget og drøymer om å bu i vakre naturomgivnader i Lom? Hos oss får du begge delar!

Bakeriet i Lom er eit bakeri med lange tradisjonar. Vi er lidenskapeleg opptekne av godt handverk, og bruk av naturlege, reine råvarer. Vi er stolte av å tilby alt frå tradisjonelle handforma surdeigsbrød, til smakfull søtbakst og delikat fransk bakverk i bakeriet vårt. 

Vi ser etter deg som har eit auge for detaljar, brenn for godt handverk, og ønskjer å bidra til å vidareutvikla bakeriet og levera produkt av høg kvalitet til kundane våre. Du må like å samarbeida med andre, handtera å arbeida i eit hektisk miljø, vera kreativ og løysingsorientert, samtidig som du er strukturert og effektiv.

 

Arbeidsoppgåvene dine:

  • Produksjon av brød, søtbakst og andre bakarvarer
  • Ta del i kreative prosessar
  • Følge oppskrifter og kvalitetsstandardar for å sikra jamn kvalitet
  • Oppretthalde ein rein og ryddig arbeidsplass i samsvar med HMS-standardar
  • Bidra til vidareutvikling av nye produkt og oppskrifter

 

Kvalifikasjonar vi ser etter:

  • Erfaring som baker, helst med fagbrev. Praktisk erfaring kan kompensera
  • Lidenskap for bakefaget og interesse for handverksproduksjon
  • Strukturert, nøyaktig og med høgt fokus på kvalitet
  • Du er ein samarbeidsorientert lagspelar og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø

 

Hos oss får du:

  • Eit godt, internasjonalt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Utviklingsmoglegheiter
  • Moglegheit for eit aktivt friluftsliv utanom jobb
  • Vera del av Noregs mest kjende bakeri!


Også kandidatar utan fagbrev eller lang arbeidserfaring innan faget blir oppmoda til å søkja. Vi opnar også for å kunna gå eit lærlingløp hjå oss, som kan resultera i fagbrev etter gjennomført eksamen. Vi er behjelpelege med å finne bustad.

Send søknad og CV til: bestilling@bakerietilom.no. Hit kan du også senda spørsmål om stillinga eller du kan ringje Lovise på telefon +4797731152

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Share on Facebook